Konsert og dans med Gjevre, Odde og Vårdal

Bli med på konsert og dans i Haugatun

page view image
Event date

Friday 14 Mar 2025 19:00

Ends Friday 14 Mar 2025 22:00
order

Available items

Voksne
Under 15
event image

Event information

Gjevre, Odde &Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017

som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions. Alle tre er røynde danse- og

konsertspelemenn, og har lang fartstid innanfor folkemusikken kvar for seg.

Ein kort presentasjon av dei 3:

Inge Gjevre

Inge har foreldre fra Valdres, men er oppvaksen i Vågå og

busett på Lillehammer. Inge er ein av dei mestvinnande i ulike konkurransar innan

folkemusikken, og trakterer både toradar og trekkspel. Han jobbar som

musikkpedagog og frilans musikar. Han har bidrege på mange CD-utgjevingar og i 2011 gav han ut si fyrste soloplate med eigenkomponert musikk; «Blåhimmeldag».

Oppfølgjaren «Solregn» kom ut i 2016.

Mads Erik Odde

Mads Erik er frå Garmo i Lom og er busett på Sel i Gudbrandsdalen. Han har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole, med ein mastergrad i utøving på

trekkspel og praktisk-pedagogisk utdanning. Mads Erik er aktiv i andre konstellasjonar som FIRO og Lendmenn, og jobbar til dagleg som frilans musikar og som lærar i

kulturskulen.


Vegard Vårdal er ein allsidig musikar og folkedansar busett i Vågå. Utdanninga har han frå Norges Musikkhøgskole, Høgskulen i Telemark og folkedansstudiet frå NTNU i Trondheim. Vegar karakteriserast som ein energisk, leiken musikar, arrangør,

produsent og komponist- innanfor eit bredt spekter av genre. Han har ei mengde plateinnspelingar, konsertproduksjonar og bestillingsverk bak seg, og er elles brukt

mykje som pedagog på forskjellige utdanningsinstitusjonar.

Alle desse 3 er nesten som institusjonar kvar for seg innanfor folkemusikken. Samtidig er dei svært forskjellige og har forskjellige uttrykk på forskjellige instrument. Materialet dei spelar, spenner seg frå eigenkomponerte låtar, til tradisjonelt stoff med base i Gudbrandsdalen

Trioen elskar å ta både slåttespelet og runddansen opp på

konsertscena i til dels intense samspel mellom hardingfele, trekkspel og durspel.


Denne kvelden blir det fyrst konsert klokka 19, deretter dans, fyrst med Kvemmingen Spel og Dansarlag, og så ei god økt til med trioen me har på besøk.

Organizer
Felemakarscenen