Sudan Dudan på Felemakarscenen
Endeleg kjem Sudan Dudan til Felemakarscenen!

Denne kvelden kan du få både kveldsmat og ein aldeles nydeleg konsert på Hallvardsnaustet. Kveldsmat frå kl 18. Konsertstart kl 20:00.
Sudan Dudan, duoen med Anders Erik Røine og Marit Karlberg, står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe, men finn også inspirasjon i både country, bluegras, ørkenblues og salmesong. Sudan Dudan har eksistert som duo sidan tidleg på 2000 og er kjende for sitt nedstrippa og råe lydbilete. Gode tekstar, tette harmoniar og spenstig improvisasjon.
Duoen har gjeve ut fire plater. Den siste, Heimen der ute, kom etter i 2018 – og vart omtalt slik i Folkemusikk: «Det finnes en rekke gode duoer her i verden. De beste av dem skaper en ny stemme ut fra to eksisterende, og ofte også noe ganske nytt fra etablerte formler. Det har også Sudan Dudan gjort.»
Konserten er i samarbeid med VestaFolk - Førdefestivalen si turnéordning for folkemusikk i Vestland. Turneen med Sudan Dudan er realisert med støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Billettar vert selde i døra.
Vaksne 250,- Grunnskulealder 50,-
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunder med mindre konserten vert avlyst.