page view image

Hjem jeg lenges

Grafverdssalmane tilhøyrer er ein songarv mange ikkje kjenner så godt. Gravferdssalmane er songar som gjekk i arv frå far til son heilt frå mellomalderen. Songar som skal hjelpa ein å bearbeida sorg.

Informasjon
event image

I denne moderne utgåva er det kvinner som syng, og tekstar av Jon Fosse er med å byggja bru til samtida.


Solbjørg Tveiten - folkesong

Åshild Vetrhus - folkesong

Andreas Ulvo - piano, synth, song

Sigbjørn Apeland, trøorgel, song




"Hjem jeg lenges” er ei fersk utgjeving kor ein får høyra lokale, tradisjonelle gravferdssalmar (også kalla liksalmar) frå Nord-Rogaland og Hardanger. Utgangspunktet er ei forestilling med same tematikk og med nobelprisvinnar Jon Fosse sine tekstar om liv og død, å vera eller ikkje vera.


Det er Åshild Vetrhus frå Suldal og Solbjørg Tveiten frå Kvam som syng, to folkesongarar som har gått i djupna på gravferdstradisjonane. Andreas Ulvo kjenner ein frå samspel med m.a. Ine Hoem, Ingrid Olava, Marit Larsen, Solveig Slettahjell, Mathias Eick, Ingrid Jasmin, Karl Seglem og frå eigne prosjekt. Han skreiv tingingsverket til Vossa Jazz i 2022. Sigbjørn Apeland spelar med Sigrid Moldestad, Nils Økland, Berit Opheim og mange fleire. 

 

Melodiane er insisterande og stemmene til Åshild Vetrhus og Solbjørg Tveiten kling tett og inderleg og får fram spennet frå det skjøraste nære til det borrande dramatiske, på ein måte som gjer at håra reiser seg. Nærværet i teksten får oss til å kjenne lukta av slit, strev og eit liv frå hand til munn. Bodskapen boblar opp frå dei djupaste avgrunnar og det mørkaste mørkret. Salmane seier; ver tilfreds med lite, bøy hovudet. I etterlivet vil alt bli enklare, og ein lengtar nesten etter å døy. Til tross for dette finn ein dei vakraste av dei vakre melodiane i dette kalde tekstuniverset. Tekstar av Jon Fosse er trykt i coveret og set gravferdsalmetekstane inn i ein ny kontekst. 


Historia: 

Tradisjonelt var det ein eller fleire menn som song desse songane og hadde rolla som liksongarar. Ein måtte bruka stemma på ein spesiell måte, då songen skulle høyrast over store avstandar. Kvart bygdelag hadde sine faste liksongarar. Gode songarar følgde slektene og gjekk i arv frå far til son. Kvinner var aldri liksongarar. 


Frå coveret:

Dei song dei døde ut or husa, dei gamle liksongarane. Songar som gjekk i arv frå far til son frå mellomalderen, sunge med ein villskap og fylde som kryp inn i ein frå dei arkivopptaka som finst. Ved grava song dei også. Seigt, mørkt, rivande i sjela, sørgande og stort. I same stunda med lengt og liv. Verda er mørk no, seier vi. Men det har alltid vore mørkt for menneska i verda. Og det er i slike stunder ein skal synge. Er det mørkt, syng. 

 - Hilde Sandvik, programleiar av «Norsken, svensken og dansken»


strandebarm gravferdssalmar strandebarmkyrkje solbjørgtveiten sigbjørnapeland andreasulvo åshildvetrhus felemakarscenen

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert med mindre konserten vert avlyst